|
Det fysiske miljøet Aktuelt:Endeleg fullstendig konsekvensutgreiing (Final CEE) for aktivitet i Antarktis.For all aktivitet i Antarktis som kan forventast å ha meir enn ubetydeleg og kortvarig verknad på miljøet i Antarktis, skal det utarbeidast ein fullstendig miljøkonsekvensutreiing etter Protokoll om miljøvern til Antarktistraktaten (jf. vedlegg I, artikkel 3). Det kinesiske antarktisprogrammet har no ferdigstilt miljøkonsekvensanalyse for etablering av ein ny stasjon i Antarktis: "Proposed Construction and Operation of the new Chinese Dome A Station, Dome A. Antarctica. Final Comprehensive Environmental Evaluation." Dokumentet er gjort tilgjengeleg på heimesida til den kinesiske arktis- og antarktisadministrasjonen - CHINARE (http://www.chinare.cn/en/).
Antarktis er det kaldaste, mest forblåste og tørraste kontinentet på jorda. Nær 99% av kontinentet er dekt av ei iskappe med ei gjennomsnitthøgd over havet på om lag 2500 meter. Kontinentet har eit areal på ca. 14 millioner kvadratkilometer, eit område som vert utvida til det dobbelte om vinteren når havisen strekkjer seg innpå 1000 km ut frå kysten.
Hovuddelen av Antarktis-kontinentet ligg sør for 70°S, sjølv om den antarktiske halvøya strekkjer seg nordover til ca. 60°S. Omkring kontinentet ligg Sørishavet, eit havområde som isolerer Antarktis frå dei øvrige kontinenta. Vêr og klimaTemperaturen i Antarktis er generelt svært låg. Fleire faktorar medverker til dette, mellom anna den lave solinnstrålinga om vinteren, evnen isen har til å reflektere solstrålinga, kjøle-effekten av langbølgestråling frå kontinentet og høgda til kontinentet over havet. Gjennomsnittstemperaturen varierer frå om lag -60°C i de høgtliggande områda (-70°C om vinteren og -40°C om sommaren) til ca. -10°C i kystområda (-25°C om vinteren og -2°C om sommaren). I 1983 vart det målt -89.6°C ved den sovjetiske stasjonen Vostok i Vest-Antarktis. Dette er den lågaste temperaturen som er registrert nokon stad på jorda. Det meste av nedbøren i Antarktis kjem i samband med dei sykliske stormane som er karakteristiske for kystområda om vinteren. I desse områda er det vanleg med 600-1500 mm snø i løpet av eit år, medan det sjeldan kjem meir enn 50 mm på innlandsisen. Tyngdekrafta gjer at kald, tung luft som ligg over kontinentet strøymer ut mot kysten. Dei vindane som oppstår på grunn av dette, kan ha ei fart på opp mot 90 m/s (320 km/t), medan farta til vinden på Sydpolen sjeldan blir større enn 9 m/s (30 km/t). Terrestriske omgivnader Antarktis har ein særs spennande geologi, sjå emne til høgre. For 200 millionar år sidan var Antarktis ein del av superkontinentet Gondwanaland, som i tillegg til det noverande Antarktis inkluderte Afrika, Australia, New Zealand, India og Sør-Amerika. Indre spenninger gjorde at Gondwanaland delte seg, og landmassane kom i drift. Antarktis fekk si noverande form og plassering for ca. 30 millioner år sidan. Fossiler av bregner, ferskvannsfisk, amfibier og krypdyr syner at Antarktis ikkje alltid har vore dekt av is. I dag er nær 99% av Antarktis dekt av ei permanent iskappe som i gjennomsnitt er ca. 2000 m tjukk. (Den største istjukkleiken som er målt er ca. 4700 meter.) Fleire stader stikk fjelltoppar (nunatakar) opp gjennom isen. Vinson-massivet i Vest-Antarktis, med sine 5140 m.o.h., er det høgste fjellet i Antarktis. I tillegg til nunatakane finst det større isfrie område, såkalla oasar, som har oppstått der isen har trekt seg attende, og der smeltinga skjer raskare enn akkumuleringa av snø. Andre område, såkalla tørre dalar, er isfrie fordi det fell ekstremt lite nedbør der. Isdekket er i konstant rørsle frå dei sentrale delene av kontinentet og utover mot kysten. Der isdekket flyt ut over havet danner den sokalla isbremmen seg. Når isbremmen brekker vert det danna massive isfjell som kan ha eit flatemål på opp mot 5000 km2. I enkelte områder vert ismassane frå det indre av kontinentet kanaliserte gjennom store dalsystem, og det vert danna hurtigstrømmande isbreeer. Den største isbreen i verda, Lambert-breen, ligg i Aust-Antarktis. Når desse breane kalver ute ved kysten vert det danna mindre, irregulært forma isfjell. Isdekket i Antarktis utgjer ca. 91% av den totale ismengden i verda, og ca. 86% av alt ferskvatnet er bunde opp i form av is i Antarktis. Dersom all isen her skulle smelte, ville vassnivået i verdshava stige med meir enn 60 meter! Marine omgivnader  | Lance i blest Den antarktiske konvergensen (lokalisert ved ca. 58°S) og divergensen (lokalisert ved ca. 65°S) er dei to mest iaugefallande fysiske særtrekka ved havområda som omgir kontinentet. Mellom konvergensen og divergensen strøymer vatnet austover, medan ein motstrøm vestover vert driven av austlege vindar sør for divergensen.
Den antarktiske konvergensen er eit frontsystem der kaldt overflatevatn frå Sørishavet møter og søkkjer under det varmare og dermed lettare vatnet frå dei sørlege delane av Atlanterhavet, Stillehavet og det Indiske havet. I denne frontsona har ein målt variasjonar i overflatevatnet sin temperatur på 3°C over ei strekning på berre 30 km. Den eksakte posisjonen til frontsonen varierer både gjennom året og frå år til år. Havis vert danna når vatn ned til ei djupn på 10-40 meter vert kjølt ned mot -1.9°C (eksakt temperatur vert bestemt av saltinnhaldet). Isdanninga skjer i fleire trinn frå utviklinga av enkelte iskrystallar via sørpe til isflak. Havisdekket varierer gjennom året, frå eit minimum på ca 4 millioner km2 om sommaren (i hovedsak i Weddell-havet, Bellinghausen-havet og Amundsen-havet) til eit maksimum på ca. 20 millioner km2 om vinteren. Det biologiske miljøetPå landVegetasjonen på det Antarktiske kontinentet består i hovudsak av algar, lav og mose. Rundt 300 alge-artar er observert, ca. 20 av desse lever på eller i is og snø. Andre alge-artar trivst best i område som vert gjødsla av pingvinar og andre sjøfugl. I tillegg til algar er det registrert om lag 200 lav-artar, 85 mose-artar og 25 levermose-artar i Antarktis. To artar av blomstrande planter (Deschampsia antarctica og Colobanthus quitensis) er registrerte lengst nord på kontinentet. Den antarktiske mikrofaunaen består i hovudsak av protozoar (eincella organismer), nematoder, hjuldyr og bjørnedyr (Tardigradia), og mellom mikro-leddyra midd, colemboler og lopper. Med unnatak av sjøfuglane som hekker langs kysten eller i nunatak-område, finst det ingen virveldyr på kontinentet. I havetOm lag 100 alge-artar (inkludert dei som lever i/på havisen) utgjer hovuddelen av planteplanktonet i havet rundt Antarktis-kontinentet. Saman med algane er flagellatane ein viktig del av næringsgrunnlaget i det marine økosystemet. Dyreplanktonet vert dominert av krepsdyr som copepodar, amfipodar og euphasia-artar som krill. Krill er ein nøkkelkomponent i det Antarktiske marine økosystemet - særleg viktig er arten Euphausia superba som er hovudnæringskjelda for fleire arter høgare i økosystemet. Andre viktige byttedyr er pilormar (Chaetognata), manetar (Scyphozoa, Siphonophorida), ribbe-manetar (Ctenophora), snigler og salper (Thaliacea). Bunnfaunaen består i hovudsak av svampar (Porifera) og mosdyr (Bryozoa). Sørishavet er òg rikt på blekksprut (Cephalopoda) som er ein viktig del av dietten for mange av dei større pattedyrartane og sjøfuglane. Vidare er det registrert om lag 200 fiskeartar sør for den antarktiske konvergensen, 80-100 av desse er botnfisk. Mange av artane, særleg dei som lever nær kysten er særeigne for Antarktis. 75% av artane er medlemmer i fem familiar som høyrer til i ordenen Notothenidae, men det finnest og skater (Batoidei), ålebrosme (Zoarchidae) og ringbuk (Liparidae). Ein stor andel av alle selane i verda lever i havområda rundt Antarktis. Bestanden av krabbeetersel åleine utgjer ca. halvparten av den samla selbestanden i verda. Til saman seks selartar finnest sør for den antarktiske konvergensen: antarktisk pelssel (Arctocephalus gazella), krabbeetersel (Lobodon carcinophagus), Weddell-sel (Leptonychotes weddelli), leopardsel (Hydrurga leptonyx), sørlig elefantsel (Mirounga leonina) og Ross-sel (Ommatophoca rossi). I sommarsesongen finst det både tannkvalar og bardekvalar i det antarktiske marine miljøet. Tannkvalane spermkval (Physeter macrocephalus) og spekkhuggar (Orcinus orca) jaktar på større byttedyr som fisk, blekksprut og mindre pattedyr. Bardekvalane finnkval (Balaenoptera physalis), vågekval (Balaenoptera acutorostrata) og knølkval (Megaptera novaeangliae) beiter hovudsakeleg på dyreplankton som dei fangar ved å filtrere vatn gjennom bardane. Alle dei ca. 45 fugleartane som har vorte observert hekkande sør for konvergensen er knytte til det marine økosystemet. Berre eit par av artane hekker på sjølve kontinentet (Antarktis-halvøya halde utanfor); keiserpingvin (Aptenodytes forsteri), Adeliepingvin (Pygoscelis adeliae), Gentoopingvin (Pygoscelis papua), snø-petrell (Pagodroma nivea), antarktis-petrell (Thalassoica antarctica) og sørlig polar-jo (Catharacta maccormicki). Pingvinane utgjer 85% av biomassen til sjøfuglane i Antarktis, og Adeliepingvinen åleine utgjer halvparten av alle pingvinane. Eksterne lenker "Norge i Antarktis" - omtale av bok om Antarktis der bl.a. Jan-Gunnar Winther, Birgit Njåstad og Jan Erling Haugland fra Norsk Polarinstitutt er medforfattere.
|